Rotevatns tale til Landsmøtet

Kjære med-europearar,

Tusen takk for denne store æra de har vist meg i dag!

Då eg først fekk vite at eg ville bli tildelt denne prisen, vart eg litt usikker. Kva var det eigentleg eg hadde gjort – som kunne måle seg med tidlegare prisvinnarar som Thorbjørn Jagland, Eva Joly, og andre dedikerte europearar som er gigantar i den norske debatten.

Eg trur noko av svaret ligg i den tida vi er inne i. Det er nemleg tøffe tider å vere EU-tilhengjar i Noreg. Eg brukar av og til å spøke med at vi er ei utryddingstruga rase. Mange av dei profilerte ja-folka i Noreg held klokeleg munn når EU-spørsmålet kjem opp i debatten, for det å kjempe for norsk deltaking i det europeiske demokratiet er langt unna å vere ei vinnarsak akkurat no – for å seie det forsiktig.

I denne vanskelege tida er det viktigare enn nokon sinne å stå opp for det ein faktisk trur på. Det har eg forsøkt å gjere, ved kvar anledning eg har fått. Eg gøymer meg ikkje for mitt eige standpunkt, og meiner det er viktigare enn nokon sinne at dei av oss som meiner Noreg faktisk høyrer heime i Europa seier det. Høgt, tydeleg og ofte.

At eg får denne prisen i dag, vel eg å tolke som ei oppmuntring til alle dei av oss som nektar å gje opp. Dei som veit at det kjem ein dag i måra. Og som veit kor viktig det er å halde engasjementet og kunnskapsnivået oppe på ja-sida, medan nei-sida enn så lenge har eit ørlite overtak på meiningsmålingane. For dei tek feil, og vi har rett, og den einaste måten dei kan vinne på er viss vi andre sluttar å kjempe. Eller som Edmund Burke ein gong sa:

«All that is necessary for the triumph of evil is for good men to do nothing». 

Eg har ikkje tenkt å gjere ingenting. Og dersom det at eg får denne prisen kan inspirere andre til å fortsette å snakke om EU – i offentlegheita, på arbeidsplassen, for vener og familie – så ser eg med optimisme på EU-kampen framover. Og mens andre parti og organisasjonar sit stille i båten, går vi i Unge Venstre framover med full kraft. Difor kan eg presentere her og no, for første gong, Unge Venstre nyaste brosjyre: «Et liberalt ja til EU».

Eg kjem frå ein Venstre-familie. Både mor mi og far min er medlemmar i Venstre, og difor stemte dei naturleg nok ja og nei i folkeavstemninga i 1994. Personleg kan eg ikkje hugse heilt når eg vart for norsk EU-medlemskap. På eit vis trur eg alltid eg har vore det, utan å heilt vite kvifor. Mellom anna hugsar eg at då eg var i militæret krangla eg ganske mykje med ein nordlending i troppen min, som meinte at EU ville kome og ta fisken vår og det som verre er. Eg visste ikkje så mykje om det, men var i det minste overbevist om at han tok feil – og det var mange, sine kranglar om EU på rom 210 i Huseby Leir.

No har lært langt meir om EU. Ikkje berre at kameraten min tok feil, men engasjementet mitt er blitt ikkje berre instinktivt, men også djupt og inderleg. For nokre veker sidan gjorde eg eit portrettintervju med Sunnmørsposten, der ein mellom anna kunne lese: «Skulle du møte på.

Sveinung Rotevatn og av en eller annen grunn være i beit for samtaletema, trenger du kun to bokstaver: EU. Rotevatn er ikke EU-tilhenger. Han er oppriktig, inderlig og altoppslukende begeistret EU-fan»

Mange vil kanskje tolke dette som at eg er ein slags EU-fanatikar. Det er eg ikkje. Men når eg får spørsmålet om eg er for EU eller ikkje, gidd eg faktisk ikkje svare «Jo, eg er vel det. Det er klart det er mange ulemper med medlemskap, og mange gode motargument, men totalt meiner eg vel at vi kanskje burde bli fullt medlem».

Nei, pokker heller! Eg svarar det eg meiner: EU er grunnleggjande bra, EØS-avtalen er ein forbanna vits, og det er for meg heilt openbart at det betre å ha ei hand på rattet enn å ligge i bagasjerommet. Sjølvsagt bør Noreg bli med i EU – og helst i morgon! DET er svaret eg gir.

Så skal eg likevel seie nokre ord om det som faktisk er djupt alvorleg, og det er krisa EU går gjennom akkurat no. Vi som ja-folk skal vere tindrande klare på at den krisa er alvorleg – for det er den. Det europeiske prosjektet blir rysta ved grunnvollane, og eurosamarbeidet har stått på randen av kollaps fleire gonger i løpet av det siste året. Bård Vegar Solhjell sa i går at ingen skal late som at skandalen rundt Audun Lysbakken har styrka hans leiarkandidatur. Og vi skal heller ikkje late som at eurokrisa har styrka EU si stilling.

Alle nyheitene frå kontinentet har stor innverknad på den norske EU-debatten. Det er ikkje rart at oppslutnaden om medlemskap er rekordlåg, når det knapt er mogleg å finne ein einaste avisartikkel om EU der ordet «krise» ikkje er med i overskrifta. Det er lett å bli deprimert av slik. Meiningsmålingar på 15 prosent er ikkje noko å sprette sjampanjekorken for. Med mindre du er aktiv i Venstre, då.

Det er likevel viktig å hugse ein ting: Ja, meiningsmålingar svingar. Men meingsdannande aktørar gjer det ikkje. Det er ikkje slik at Jens Stoltenberg har blitt mot EU no. Eller Jonas Gahr Støre. Eller Erna Solberg. Eller Ola Elvestuen. Eller NHO. Eller Dagens Næringsliv. Eller Bergens Tidende. Eller VG.

Det er fortsatt svært sterke krefter i det norske samfunnet som ønskjer norsk EU-medlemskap. Dei sit berre litt stille akkurat no. Forståeleg nok, diverre. Og Liv Signe Navarsete får råde TV-skjermen åleine – med dommedagsprofetiar og omtrentelegheiter.

Men ingen skal innbille meg at den dagen Jens Stoltenberg eller Erna Solberg stiller opp på TV-debatt for å fortelje Navarsete kvifor ho tek feil, at meiningsmålingane ikkje vil byrje å krype sakte oppover. Det er nemleg slik i ein kvar debatt, at når begge sider byrjar å mobilisere – og alle argument kjem på bordet – vil folk gå vekk frå ryggmargsrefleksen og faktisk tenkje over sitt eige standpunkt.

Korleis veit eg det? Fordi det var nøyaktig det som skjedde sist gong det var alvor. I november 1993 – berre 12 månadar før folkeavstemninga – var ja-oppslutnaden på fattige 21,7 prosent. I november 1994 var ein klatra opp til 47,8 prosent. Det holdt nesten heilt til mål, og ja-sida sin sluttspurt var imponerande.

Det er også fleire ting som gjer at eg meiner ein ikkje treng å vere pessmist med tanke på ein ny EU-debatt i Noreg. Det viktigaste er at vi har fått eit fornya fokus på EØS-avtalen. Kompromisset som «alle» har klart å leve med, og som gjer at det er mykje sanning i det gamle munnhellet om at «nei-sida vann folkeavstemninga i 1994, og har tapt kvar dag sidan».

Det viktigaste argumentet mot EØS-avtalen er demokrati. Det mest grunnleggjande argumentet for meg som liberalar. Ein liberalar eg har stor respekt for, er europaparlamentarikar Marit Paulsen. Ho er norskfødt, men representerer det svenske Folkpartiet Liberalerna i parlamentet. I 2003 fyrt ho av følgjande kraftsalve i VG: «

Jeg hører at noen i Norge er redd for det demokratiske underskuddet i EU. Men hva er EØS? Et føydalsystem og en total demokratisk katastrofe».

I vinter kom den etterlengta Europautredningen, som på mange måtar gav Marit Paulsen heilt rett. Dei kunne dokumentere at Noreg alt i alt er med på 75 prosent av det som foregår i EU, at den såkalle «aktive europapolitikken» er lite anna enn rein informasjonsinnhenting, og at etter behandlinga av tusenvis av direktiv, har vi knapt klart å få eit einaste substansielt unntak, eller gjere ei einaste substansiell endring.

Då den massive integrasjonen i EU no vart dokumentert ordentleg for første gong, gjekk Liv Signe Navarsete ut i media og meinte det norske folk var blitt «lurt» av Stortinget. Lurt inn som eit de facto EU-medlem, trass i at folket sa nei. Javel. Men dersom Navarsete hadde lest utgreiinga ordentleg, ville ho sett at sidan 1994 har Stortinget fatta 287 vedtak om å avgje suverenitet til ulike EU-program. 265 av vedtaka har vore samrøystes, altså med Senterpartiets stemmer. Så dersom folket har blitt lurt – kven er det som har lurt dei? Er det Senterpartiet?

Ingen har blitt lurt. At Noreg er så djupt integrert i EU, er ei ønska utvikling frå dei folkevalde si side. Dei aller fleste EU-program forsøker vi aktivt å bli ein del av så tidleg som mogleg. Kvifor? Fordi det tener våre interesser! Det er bra for norske forskarar at vi er med i EU sine forskingsprogram. Det er bra for norske studentar at dei kan reise og studere i heile Europa på lik linje med andre. Det er bra for norsk fiskeindustri at vi følgjer dei same matsikkerheitsreglane som andre, slik at dei får solgt varene sine.

Så lenge 70 prosent av importen vår kjem frå EU, og 80 prosent av eksporten vår går til EU, er det ingen grunn til å ikkje vere tett integrert med våre viktigaste handelspartnarar og næraste allierte. Det veit norske politikarar utmerka godt. Og eg trur faktisk Liv Signe veit det også. Ho kjem trass alt frå Sogn og Fjordane, den skuffa som er heim til nokre av dei skarpaste knivane i dette landet.

Når EU no likevel er i krise, er det ein del krefter i ulike land som har byrja å røre på seg – og som har byrja å drøyme om ein tilværelse utanfor unionen. Nokre av dei drar til og med fram EØS og Noreg som førebilete. Ein del av desse finn ein i det konservative partiet i Storbritannia. For å stoppe uroen i eige parti, holdt statsminister David Cameron ein tale i fjor, der han var brutalt ærleg – og forklarte partifellane kva som var det eigentlege alternativet til EU-medlemskap:

«Leaving the EU is not in our national interest. Outside, we would end up like Norway, subject to every rule for the Single Market made in Brussels but unable to shape those rules»

Dette er den brutale sanninga. Eg forstår at Nei til EU jobbar med eit prosjekt som heiter «alternativer til EØS». Dei burde kanskje invitere den britiske statsministeren for å drive litt vaksenopplæring.

EØS-avtalen er også under press av andre årsaker. Då den vart underteikna bestod EU av 15 medlemsland, og vår organisasjon – EFTA – av 12. No har EU 27 medlemsland, og EFTA er nede i fire – deriblant eit Sveits som har bunde valutaen sin til euroen, eit Island på full veg inn i EU, og eit Liechtenstein på storleik med Ålesund.

Men det er Island som er viktig av desse. Kva skjer når Island blir EU-medlem? Det er for så vidt ikkje gitt at dei blir det. Men ryktene frå Brussel og Reykjavik seier at forhandlingane går veldig bra, og at islendingane er i ferd med å få ein veldig god avtale – ikkje minst på det som er sak nummer 1, 2 og 3 for islendingane: Fisk.

Eg trur Island blir EU-medlem. Men kva skjer då med EØS-avtalen? Vil EU-stole på at vi skal sitje der åleine med Liechtenstein og drive sjølvbetjening av avtalen? Vil dei akseptere at vi Noreg i praksis skal passe på seg sjølv? Og kva gjer du når EFTA-domstolen går frå tre til to dommarar – og dommarane er usamde? Eg har studert nok juss til å vite at det er ingenting som heiter uavgjort i ein domstol.

Dette er enorme uavklarte spørsmål, som kanskje har svar, men som i alle fall må lede mot ei form for avklaring den dagen Island tek sete rundt det viktigaste bordet i Europa. Eg håpar avklaringa vil medføre at vi også blir med og set oss ned rundt det bordet. I alle fall vil dette medføre debatt.

Eg registrerer at ei rekkje politikarar slår fast at «EU-spørsmålet er heilt uaktuelt i overskueleg framtid». Eg er slett ikkje så sikker på det. Dei gongane EU-spørsmålet har blitt aktuelt i Noreg, har det ikkje vore på grunn av ei plutseleg oppslutning i folket, eller eit bevisst val av politikarane. Det har blitt aktualisert når verda rundt oss har vore i bevegelse. Og folkens: EU er i bevegelse. Krisa vil få ei løysing, og løysinga vil føre til eit tettare og meir integrert EU. EØS knakar i samanføyningane, og Island er på full veg ut bakdøra og inn hovudporten i Brussel. Og Kroatia og Serbia, land som var herja av krig då ein del av oss gjekk på ungdomsskulen, har den siste månaden tatt vigtige steg på vegen mot fullt medlemskap. Dei som i 1994 snakka om at «Europa er meir enn EU», tek meir feil for kvart år som går.

Debatten kjem. Vi veit ikkje når, men vi veit at vi må vere klare. Difor er det så enormt gledeleg å sjå at Europeisk Ungdom er ein organisasjon i god vekst, og at de jobbar grundig med skolering og møteverksemd. Og at de er samla her i helga for å snakke om norsk politikks viktigaste spørsmål dei siste femti åra. Det er mykje viktigare enn de anar. For når debatten først blir aktuell, og folkerøystinga kjem, ja, då er det for seint å legge grunnarbeidet. Det arbeidet gjer vi no, og eg kan love dykk at organisasjonen eg leiar, Unge Venstre, vil vere ein trufast alliert også i framtida.

Eg nærmar meg slutten av denne takketalen, før det blir opna for spørsmål og diskusjon. I løpet av talen har eg sitert to konservative, Edmund Burke og David Cameron, men berre ein liberalar: Marit Paulsen. Det går ikkje. Vi treng ein liberalar til for å gjenopprette balansen. Eg kunne valgt å sitere Lars Sponheim, og sagt at «fred er viktigare enn kornprisar». Det er det, men eg vil heller avslutte med eit av dei vakraste og mest liberale sitata eg veit om, levert av Sir Graham Watson, leiaren for Det europeiske liberale partiet, under Venstres landsmøte i 2011. :

«Liberals must see too that supranational challenges need supranational solutions. The idea of national sovereignty is no longer valid when national governments can no longer control what happens. And supranational co-operation normally needs supranational institutions to suppport it. Institutions in which we share our sovereignty with people who share our values (…) «Enig og tro til Dovre faller», it’s a nice idea but a little old fashioned. Sharing sovereignty works, and it is a triumph of liberalism»

Det sitatet ber eg med meg som inspirasjon kvar einaste dag, heilt til Venstre har sagt eit krystallklart og rungande ja til EU. Og eg håpar at de òg vil bere med dykk det sitatet, fram til vi ein dag kan sette oss ned ved same bord som våre europeiske brødre og søstre, og diskutere vår felles framtid. Ikkje basert på kven som har dei største hærane eller dei farlegaste våpena, men på kven som har dei beste argumenta. For gløym aldri: EU handlar om fred, og vi høyrer heime i eit fredeleg Europa. Ikkje la nokon fortelje dykk noko anna.

Tusen takk for meg!