Fleirtal for EU-medlemskap på Stortinget

Samanlikna med førre Storting vil det i neste periode være fleirtal for EU-medlemskap iblant representantane. Det kjem fram av ei undersøking Nei til EU har utført. Ei sterk EU-stemme er leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn, som nå er blitt valt inn frå Sogn og Fjordane. 

 – Ja, eg er for norsk EU-medlemskap, og vil jobbe langsiktig for at Noreg blir medlem. Venstres stortingsprogram tar ikkje stilling til medlemskapsspørsmålet, men eg har alltid vore tydeleg på kor eg sjølv står. Nest år er det val til Europaparlamentet. Det er eit fint høve til å få nordmenn til å reflektere litt over at vi alle er sofaveljarar i det viktigaste valet for Europas framtid, seier Rotevatn til Europeisk Ungdom.

I kommande periode vil også fleire andre ja-stemmer få plass på Stortinget, deriblant Nikolai Astrup og Irene Johansen som begge er aktive i Europabevegelsen. Forholdet mellom Noreg og EU utvidar seg stadig utan at dette får aukande merksemd i den norske offentligheita. Vidare vil også nye reformer som til døme bankunionen og handelsavtala mellom EU og USA påverke Noreg.

– Samtalane mellom EU og USA er utruleg spanande, og svært viktige. Ein transatlantisk handelsavtale vil bli verdas desidert viktigaste handelsavtale, og opnar store moglegheiter for vekst og verdiskaping. Eg håpar Noreg kan klare å få mest mogleg ut av dette, sjølv om det sjølvsagt vil vere utruleg vanskeleg for oss å bli avtalepart, avsluttar Rotevatn.

Europeisk ungdom ynskjer å jobbe opp mot dei aktuelle representantane for å få fleire Europaspørsmål på dagsorden igjen. Uansett samansetning på Stortinget jobbar Europeisk Ungdom aktiv opp mot representantane og denne perioden ser det arbeidet ekstra ljost ut.