EU-akademiet 2018

Er du ein av Europeisk Ungdoms dyktigste og mest engasjert medlemmar? Brenn du for EU-kampen? Ønskjer du toppskolering av og med dei beste på europeisk politikk? No har du muligheten til å bli med på hausten sitt største eventyr: EU-akademiet 2018!

EU-akademiet er for deg som liker å ta ein reell utfordring og er Europeisk Ungdom sitt toppskuleringsprogram med høg læringskurve. Gjennom ei heil veke i hjartet av Europa får du som deltakar moglegheit til å bli skolert av dei beste på EU, utvikle dine politiske og organisatoriske evner, diskutere aktuell politikk med leiande aktørar i EU og bli kjend med spennande organisasjonar. Du vil bli utfordra på fagkunnskapar, organisasjonsevnar og leiarevnar. Du får moglegheit til å knytte eit internasjonalt kontaktnettverk, bli betre kjend med Europeisk Ungdom og mykje, mykje meir.

EU står i dag ovanfor mange utfordringar. Dei siste åra har både flyktningkrisa, klimakrisa, Brexit, større politisk polarisering, terrorisme og aukande populisme prega Europa. Desse utfordringane blir best løyst i fellesskap. Gjennom EU-akademiet vil du får ein større innsikt i Europa sine noverande utfordringar og reflektere over morgondagens løysingar. For meiner du at Europa skal drive sitt eige forsvar, eller bør NATO framleis regjere? Korleis meiner du ein kan bekjempe ekstremisme og polarisering, men samtidig verne om ytrings- og organisasjonsfridommen? Bør Europa prioritere personvern over sikkerhet? Skal EU satse meir på handel? Og er EØS-avtalen verkeleg i EU og Noreg sin beste interesse?

EU-akademiet går føre seg i Brussel og vil i år vare frå 24. – 29. september. Akademiet involvere ei veke med verkstad, føredrag, debattar, skleringar og konkurransar. Gjennom veka vil du som deltakar bli presentert for ei rekke utfordringar og på slutten av veka vil ein på bakgrunn av desse kåre vinnaren av EU-akademiet 2018. Kanskje blir det nettopp deg? Søk i veg og lukke til!

Kven ser me etter?
Me ser etter deg som ønskjer å utvikle deg sjølv og Europeisk Ungdom. Du som brenn for EU-kampen og ønskjer å vere med på å dra Europa i ei betre retning. Me ønskjer at du som liker å diskutere Europa saman med andre skal søke.

Kven kan søke?
Alle medlemmer av Europeisk Ungdom, som har betalt kontigenten og fylt 18 år innen avreise (24. september) kan søke. 

Deltaking på akademiet koster kr 500,- og inkluderer reise, opphold og dei fleste måltid.

Korleis søker du?
Send ein søknad til oyvind@europeiskungdom.no før 01.08.2018. Søknaden må innehalde:

  • Eit motivasjonsbrev på 1-2 sider om kvifor du er best egna til å delta på EU-akademiet, samt korleis du ønskjer å bruke dine ferdigheter for å bygge Europeisk Ungdom
  • Eit lesarinnlegg om eit tema som omhandlar EU og er relevant for norsk samfunnsdebatt anno sommaren 2018 (maks 2500 teikn, inkludert mellomrom)
    • Å få innlegget publisert vil bli premiert i utvalsprosessen. Bevis på publikasjon kan ettersendast.
  • Ein video på maks 30 sekund der du fortel kvifor du er best egna til å delta på EU-akademiet
  • CV på maks 2 sider, med referanser

Alle søkarar vil få svar innan 14.08.2018. Me anbefaler alle kvalifiserte medlemmer til å søke.

Øyvind Hartveit, internasjonal leiar, er ansvarleg for akademiet. Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål!